Marit Årthun vann søndag 28.november Benidorm Marathon på den fine tida 3.03.24.
Er du nøgd med løpet?
Ja, det er eg. Eg var litt usikker fordi det var 2 år sidan sist maraton. Det gjekk over all forventning.
Det går rykte om flotte premiar!
Ja, eg vann ein pokal på storleik med eit lite mjølkespann! Utanom det var det 6000 kroner og eit opphald på hotell for to personar i 14 dagar i Benidorm.
Kvifor valde du Benidorm Marathon?
Litt tilfeldig, men eg vart med nokre kameratar som skulle vitja ei Røldalsdame som har hus i Benidorm.
Kor lenge vil du satsa på springinga?
Eg kjem alltid til å springa, trur eg. I alle fall så lenge beina held og lysten er der.
Kor mykje trenar du?
6-7 gonger i veka, til saman om lag 70 kilometer.
Neste løp no ?
Eg tenker meg eit halvmaraton på Sola i januar. Så blir det nok eit heilmaraton i påska utanlands.