Framsida
Meny
Kontakt oss
Matre Idrettslag
5498 matre
Telefon
95768192
e-post
amundfurdal@gmail.com
Linkar
Klikk på bilete for full storleik
 
 
 

Neste seriehelg for herrelaget er 12 og 13 Januar.

U13,13 Januar.

Det vert volleyballmøta på Åkra skule Mandag 29.August kl.19.00

Her prøver me å få på plass volleyball laga til hausten.

Sjurd,Ørjan,Geir Clement,Eirik og Ida Marie skal og gjennomføra dommarkurs som går i Bergen 3.September. Bra!

Strandvikopen!

 Sandvolleyball i Strandvik. 

Også i år kan du vera med på sandvolleyball cup i Strandvik. Sjå berre her: 

 

http://www.strandvikopen.net/

 

Gå inn på denne linken og:                             http://www.hordalandvbk.net/index.php?option=com_content&view=article&id=288:sommerleir-2009&catid=48:Sommerleir&Itemid=64

 

Sjå også denne sida!

http://hordalandvbk.net/index.php?option=com_content&view=article&id=657:invitasjon-til-km-i-sandvolleyball&catid=40:Sandvolleyball&Itemid=55

 
 
Gutter under 14 år sølv og videre spill i 1. Divisjon
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Stig,Venke,Silje,Amund,Bjørn Kristian,Else Marie
 
 
Premieutdeling!
 
Eit av volleyballaga til Matre
 
 
 
 
 
 

I helga frå 1. til 3. mai gjekk NM i klassen u19 av stabelen i Haukelandshallen i Bergen. Arrangør var Hordaland Volleyballkrets, Nyborg Volleyballklubb, BSI og Osterøy IL. Her deltok fire ungdommar frå Åkra og Baugstranda. Sjurd Tjeldflåt, Stian Vika og Liv Torunn Tjelmeland spelar for Rossvoll VBK og Sindre Dale deltok med Strand-Ulv IL. Me har alle tidlegare spelt aktivt for Matre IL.

Arrangementet tok til på fredagen med opningsseremoni. Me fekk då diverse underhaldning, både vakker song, talar og eit imponerande trommeshow. Bergenssongen vart og framført, og me vart introdusert til ein ny og spesiell type underhaldning; ballongshow. Dette gjekk ut på at to menn sat og gnikka på kvar sin ballong i om lag fem minutt. Det var klart delte meiningar om underhaldningsverdien i den delen av seremonien. Seremonien vart avslutta nasjonalsongen, og så var NM i gang!

Rett etter seremonien vart banane rydda og netta vart sett opp, og i løpet av berre ein halvtime etter at opningsseremonien var over, tok dei første kampane til. Liv Torunn og Rossvoll-jentene fekk ein god start i turneringa ved å slå både Gneist og Skjetten i puljespelet, men gjekk seinare mot knipne tap mot topplaga Blindheim og Stod, og enda difor på ein 15.plass. Sindre Dale og Strand-Ulv-gutane gjekk gjennom puljespelet med siger over Fjellmann-Volley og Randaberg og tap mot Koll. Strand-Ulv enda til slutt på ein 9.plass, etter tap mot Sortland VBK og siger mot Randaberg, Hemsedal IL og Brøstadbotn. Både Rossvoll-jentene og Strand-Ulv hadde håpa på betre plasseringar, og det var små marginar som skilde dei frå dei høgare resultata.

Rossvoll-gutane gjekk det betre med. Etter jamne og tøffe kampar i puljespelet kom Rossvoll ut som vinnar av si gruppe og møtte Skjetten i ein 8-delsfinale. Denne kampen vann Rossvoll overlegent, og laget gjekk dermed vidare mot ein kvartfinale mot Austrått, som dei og sigra over. I semifinalen møtte gutane bergenslaget Nyborg VBK, som har fleire landslags- og elitespelarar. Stian Vika brillierte i denne kampen som libero for Rossvoll, og i denne kampen viste han seg verdig til å spela på førstelaget i finalen, som Rossvoll kvalifiserte seg til etter å ha slått Nyborg 2-0 med resultata 24-26 og 25-27 i setta.

I finalen var Stian Vika med som libero på førstelaget. Sjurd Tjeldflåt måtte diverre gi opp plassen sin som diagonal for landslags- og elitespelaren Børge Flotve, og fekk ikkje spela i finalen dette året. Gutane var likevel begge nøgde med helga, sjølv om dei diverre måtte sjå seg slått av Førde VBK i ein svært spanande finale. Sjurd Tjeldflåt har og ein sølvmedalje frå NM i fjor, der han og spela for Rossvoll mot Førde i finalen.

Alt i alt var dette eit strålande arrangement med mykje volleyball og mykje moro. Både Sindre, Sjurd, Stian og Liv Torunn er fødd i 1991, og har difor enno ein sesong igjen i u19 klassen i volleyball. Me vonar difor på betre resultat i NM til neste år. Me tykkjer at nå visar me nok ein gong, som mange har vist før oss og, at grunnlaget ein får ved å trena med Matre IL er meir enn nok til å spela på høgare nivå, og oppfordrar dermed alle heime til å halda fram med volleyballen etter ungdomsskulen.

 

Takk til Liv Torunn for flott reportasje.

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Leiar i volleyballgruppa: Kurt Reidar Jegteberg Tlf 90528772

 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
28.04.2015
Pinsehelga 2015
Program for pinsehelga 2015
08.06.2014
Sandvolleyballcup.

Resultat frå sandvolleyballcupen.
Fleire bilder er lagt ut.
08.06.2014
Åkraløpet-2014
Resultat frå Åkraløpet. Fleire bilder er lagt ut.
25.05.2014
Ørjan tok 4.plass!
Ørjan Vika tok 4.plass i Skjærgårdsrittet!
25.05.2014
Åkraløp og sandvolleyballcup!
7. Juni vert det Åkraløp og sandvolleyballcup.
13.04.2014
Revy!
Matre IL arrangerte revy i Åkra!
Samarbeidspartnarar
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS