Framsida
Meny
Kontakt oss
Matre Idrettslag
5498 matre
Telefon
95768192
e-post
amundfurdal@gmail.com
Linkar

Aktivitetsleir!

Klikk på bilete for full storleik
 
Aktivitetsleir på Baugstranda!
 
Klikk på bilete for full storleik
Anita

Tirsdag og Onsdag arrangerte Matre Idrettslag aktivitetsleir på Baugstranda.16 born var påmeldte,og etter frokost Tirsdag,bar det rett til fjells.Der var det full aktivitet heile dagen.Nokon var i trekket og andre gjekk på ski i dei fine løypene.Ein god pause midt på dagen,med grilling av pølser var populert. Anne Grethe,Marie og Kari Janne var med som leiarar heile dagen.Då trekket stengde for dagen var det berre å pakka sakene saman og returnera med bussen som stod klar å venta.

Onsdag var det frokost og litt friaktivitet.Deretter gjekk turen til Søllesvik. Kurt Reidar og Aslak hadde sett garn,så ungane fekk vera med å trekkja. Det var ei spennande oppleving både for store og små.Fisk vart det og! Ungan fiska og frå land,men det vart ein del slukar som forsvant i sjøen og lite fisk som vart med på land! Men me hadde boller og sjokomelk og i det fine været smakte det kjempegodt.  

Etterpå var det full aktivitet i gymsalen på Baugstranda.Amund leia ungane gjennom ei god økt med,fotball,bordtennis,og biljard.Ungane hadde dessutan ingen problem med å aktivisera seg sjølv,så det var full rulle heile tida.

Deretter var det mat å få.To representantar frå 'drøsekvelden' var så greie å laga middag til heile gjengen.Etter ein lang dag smakte det kjempegodt med spaghetti og kjøttdeig. Og etter å ha tømt grytene var det klart for utdeling av diplom,premiar og felles bilde av alle borna som dei kunne ha som eit minne frå aktivitetsleiren! Tusen takk til alle som stilte opp som leiarar. Trur nok det var ei kjekk oppleving for dei og.Leiren vart sponsa av: Lundal,Tine,Kavli og 'drøsekvelden' 

Fleire bilder frå leiren finn du her

 
Klikk på bilete for full storleik
Fisk blei det og.
 
Klikk på bilete for full storleik
Ut i båt!
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
28.04.2015
Pinsehelga 2015
Program for pinsehelga 2015
08.06.2014
Sandvolleyballcup.

Resultat frå sandvolleyballcupen.
Fleire bilder er lagt ut.
08.06.2014
Åkraløpet-2014
Resultat frå Åkraløpet. Fleire bilder er lagt ut.
25.05.2014
Ørjan tok 4.plass!
Ørjan Vika tok 4.plass i Skjærgårdsrittet!
25.05.2014
Åkraløp og sandvolleyballcup!
7. Juni vert det Åkraløp og sandvolleyballcup.
13.04.2014
Revy!
Matre IL arrangerte revy i Åkra!
Samarbeidspartnarar
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS