Endeleg,her kjem ein liten oppsumering frå nokon av løpa som Vegard og Marit har deltatt i,til nå i sommar.
I Langfoss opp vart Vegard nr.2. Dette var ein kraftanstrengelse,men Vegard gjorde eit kjempeløp,og må vera vel nøgd med den gode plasseringa.
Hornhindal rundt går 75 kilometer opp og ned i fjella rundt Hornindal, med ei total stigning på 5600 høgdemeter,dette er eit løp som vert karakterisert som det desidert tøffaste fjelløpet som finst i Norge i dag.
Marit Årthun frå Matre IL vart beste kvinne med tida 14:05:25.Ho sette dermed ny løyperekord,og det skal bli vanskeleg å slå den imponerande tida.Ho kom i mål over fire timar før nr.to.
Vegard Bergane Årthun sprang halvt løp på tida 5t 21m 33s.Veldig bra av begge to!
NM motbakke i Ulvik: Vegard vart nummer 9 av alle juniorar under 22år.Men vant sin klasse(18-19år)
Marit vart nr.2 i NM 40-44år.Ho vart nr.12 av alle damer som deltok.
Vegard og Marit frå Hornhindal rundt(Foto:Fjordingen)