Marit Årthun, Matre IL, tok bronse i NM på Romerike!
PÅ NM 6 timars-løp i Fetsund tok Marit Årthun bronse laurdag. Ho rakk vel 73 kilometer, noko som tilsvarer ein fart under 5 minutt i snitt på kilometeren. Ultraløp er i vinden, og det var totalt 140 startande i NM.
Med den distansen er ho nummer 5 av damene i Noreg til alle tider.
Gunnar Våge, Trio, rakk vel 70 kilometer på dei 6 timane. Med det vart han nummer 18 totalt i herreklassa.