Torsdag var det opning av trimrommet til Matre Idrettslag på Baugstranda.Dei som møtte fekk ein triveleg time med mange tips og råd.
Lars Werner Solheim frå sporten i Rosendal tok ein gjennomgang på treningsapparata.Det var og konkurranse om å ro 100m.på kortast tid.Konkurransen vart vunne av Ørjan Vika,som fekk eit gåvekort frå sporten i Rosedal i premie! Det vart teikna mange medlemskap denne kvelden,men det er enno plass til fleire.Dersom du ynskjer medlemskap,ta kontakt med nokon i styret:
Else Marie Vika,Amund Furdal,Bjørn Rune Bergane,Toril Lyngnes,Gunnhild Jegteberg eller Tanja Eikemo.