Så var det igjen tid for nytt år,og med det nye muligheter.Ikkje minst når det gjeld trim! Trimrommet er blitt bra,og vert nytta ganske ofte.Det er nå to spinning syklar,ein romaskin,ei tredemølla,eit multiapparat og ein pressbenk til å bryna seg på.I tilegg er det litt vekter,balansebrett og anna småutstyr.Du kan og høyra på musikk når du trimmar,enten medbrakt eller det som er der.Felles dametrim er det kvar Onsdag kl.19.30. Medlemskap: Dei som vil vera medlem betalar halvårs medlemskap.Det kostar 600kr for eit halvt år.Det vert ikkje gitt familierabatt då det i utgangspunktet er eit svært billig medlemskap.Dette skal dekka straumutgifter,reinhald og leige av lokalet. Etter at du har betalt vil du få tilsendt kode på nøkkelboksen som heng utanfor døra.Her heng det bruksanvisning,som viser korleis du nyttar den. I året som kjem, er det planar om ein felles trimkveld med fysioterapaut som kan gje tips og råd om god trening.Me håpar og at me skal klara å få inn nok penger til ei topp tredemølla. Håpar DU vil vera medlem i trimrommet,og kan ha mange helsebringande timar der. Konto nr. 3460 07 01551 .