Laurdag reiste U12 laget til Sotra på ny serierunde.
Det vart travelt på dei unge spelarane når det braka laus.Dei fekk prøva seg på dømming,med hjelp frå trenar Amund, i tilegg spela dei fire kampar.Spelarane har vore flinke og møta på treningane i haust,og det kom tydleg fram på Laurdag.Laget vant alle kampane,og kom heim med flott pokal.Dei toppar nå tabellen,og sjøl om den siste seieren satt langt inne,var dei storfornøyde med dagen!