Vegard går og går, og har no nådd Mo i Rana. Der kjem Marit og skal gå med han i 6 dagar. Terrenget framover no er flott, med mange hytteovernattingar, men med ganske lange etapper.Det er ikkje mat på hyttene, så sekkane blir tunge ei stund no. Opp mot 30 kilo?
Det har vore opp- og nedturar, men det hjelper når ein har kome over halvvegs som Vegard har no. Han har sett moskus, reinsdayr, jerv (!) og mykje anna. Folk han møter er vennlege og gjestfrie, og guten er ved godt mot. Vegard reknar no med å bruka 90 dagar på turen.
Viss han klarer å gjennomføra dette, er han framme i midten av september.