Det vart tungt for matrespelarane då dei deltok i serierunde 2 i Bergen på Laurdag.
Matre IL stilte i ny årsklasse med nytt lag og nytt system. Dette førte til 5 tap då 2. serierunde i klasse u15 gjekk av stabelen på Laurdag. Innimellom var det brukande speling, men då me hadde størst sjans på å ta poeng svikta det diverre for oss. Konklusjon blir at me fekk mykje god kamptrening, og mange svar på kva me må ta tak i på trening fram i mot neste runde. Me skal nok bita betre frå oss då!