Revyen Aprilsnarr trakk fullt hus i Åkra Laurdag kveld. Det var ein vel gjennomført revy,med eit to timars lang program.Det var i forkant lagt ned ein flott innsats for å få dette til.Under øvinga Fredag kveld såg det derimot ut til at ikkje alt gjekk heilt som ein hadde planlagt og håpa på! Lang frå alt var på plass,og det var ein spent gjeng som møttes til framføringa Laurdag. Uro blei fort snudd til rein og pur glede.Ungommane henta fram det beste,og trass i litt nerver fekk dei publikum med seg.Dette var nok ein av tinga revygjengen var mest spente på,men det såg og høyrdes ut som om publikum koste seg.Vel blåst!
Desse var ned: Viar,Brynjar,Even,Magne,Hugne,Aurora Li,Tomasz,Aleksander,Lisa Jonetta,Andrine,Solveig,Aneta,Andreas,Asgeir,Mikal,Heidi,Ruth Solveig,Oda,Tordis,Birgitte Shan Qi,Maren og Elin. Stein Olav og Lars Emil hadde eit innslag i badestampen.