Lørdag var 16års laget til Matre IL til Bergen på seriehelg.
Turneringa vart arrangert i Bergen. Laurdag var det 16 års laga som spelte kampar , medan sundag var det 19 års laga. Hardanger regionen var sterkt representert i 16 års klassen. Rossvoll hadd to gutelag, strand ulv stilte med eit lag og Matre hadde eit lag med. I tiillegg var Sveio og Selbjørn med.
Fleire av kamapane var jamne, men det er alltid litt slik i starten av turnringa at laga ikkje kjenner kvarandre så godt. Mange lag er nykomponerte , såleis også Matre g 16 laget. Laget som representerer MAtre består av både gutar og jenter på laget. Årsaka til det er at det ikkje er nok ungdomar i Åkra til å halda reine lag. Frå i fjor er omtrent hele stamma til laget slutta og det var eit nytt lag som reiste til Bergen laurdag. Avreise Åkra var kl 6.30. Men me var positive og hadde godt humør.
Laget har med spelarar frå 8-10 klasse. Laga me spelte mot i helga har i hovudsak spelarar frå 10 klasse og 9 klasse. Likevel: MAtre beit godt frå seg. Laget opna med lokaloppgjer mot Strand Ulv. Dette oppgjerer enda nokså klart 2-0 til Strand Ulv i sett. MAtre var nervøse og me fekk ikkje til mottaka våre Då vert angrepsspelet også vanskeleg. Etter denne kampen fekk me tre kamapr på rappen, det såg ut til å vera bra for vår del. Etterkvart satt mottaka betre og då fekk med legg og angrep. Likevel var det kanskje servinga som gjorde at me etterkvart byrja å plukka poeng. Servinga i fyrste kampen var heller dårleg. Me slo Selbjørn, sjølv om det vart nok ein meir slitekamp enn forventa. Også Sveio sigra me over 2-0. Rossvoll hadde to gode lag med i turneringa. Rossvoll 1 vann turneringa, med Rossvoll 2 på 2.plass. Strand Ulv tok 3.plassen, MAtre vart nr 4. Respekten for Rossvoll 1 var nok stor og kampen vart i realiteten einvegskøyring. Me fekk ikkje til særleg i denne kampen. Kampen mot Rossvoll 2 vart jamnare, og særleg 2.settet kunne me vunne. Alt i alt må me vera nøgde med spelet i helga. Me spelte oss opp etter ein treg start.
Meir info kjem nok på hordaland volleyballkrets si nettside etterkvart..
Spelarar på Matre sitt G 16 års lag:
Louise Å. Bergane, Eirik Berge, Geir Rune Berge, Åge Lyngnes, Anna Wågen, Geir Cl. Wågen og Kari Janne Furdal Bileta er eit lagbilete etter kampslutt og det andre frå kampen MAtre- Selbjørn.