Ca. 30 personar møtte fram då ski gruppa i Matre IL skipa til klubbrenn i Åkra.
Det vart nesten to timar med litt konkurranse og mykje moro.Dei fleste stilte til start og gjekk to rundar på idealtid. Magne,Lars Emil,Venke og Agathe gjekk to rundar på sekundet samme tid.Oskar og Brynjar var berre to sekundar frå å treffa si eiga tid på andre runden.Det heile vart avslutta ned skiskytingstafett,der mange nok koste seg stort då dei fekk lov å kasta snø på Ida Marie som for annledningen var blink!