I barnetrekket i Fjellhaugen er det alltid stor aktivitet.Her kan borna utfolda seg i eit lita men grei løype.Etter nokre sesongar her,er dei trygge til å starta i den store bakken.Mange dugnads timar vert lagt ned i Fjellhaugen og Henny Irene Vik er ein av dei som tar i eit tak og to i skitrekket.Henny er oppvokst i Bykle, og er vant med snørike vintrar.Ho er no busett på Dalen der ho og Per Terje har bygd hus.Dei har tre gutar og ein del hundar....Til dagleg jobbar Henny på SKL. Med tre gutar og jobb seier det seg sjølv at tida blir knapp,men det ser ut som om ho trives veldig godt i fjellet!
Kva var det som lokka deg til å jobba som frivillig i Fjellhaugen?
Henny er kjapp då ho svarar at det er pur skiglede.Dessutan har ungane arva skigleda og då går det greit og bruka nokre helgar i fjellet.
Står du på ski sjølv?
Eg likar godt å stå på ski.Likar ikkje å vera inne å sjå på det fine vinterveret.Då er det aller best å vera ute.
Har du opplevd alvorlige ulykker i bakken?
Heldigvis ikkje mange.Hadde vakt under ei alvorleg fall ulykke,og då er det sers betryggande at Røde Kors alltid er på plass,og tar hand om dei skada.Heldigvis gjekk det den gang bra med dei innvolverte.
Er foreldra flinke til å vera i eller rundt bakken med borna,eller vert bakken brukt til barne plassering?
Både og.Dei fleste foreldre er flinke til å vera i eller ved bakken.Men husk at det er ikkje vaktene som skal lera borna og stå på ski.Det er det foreldra som har annsvaret for,men sjølvsagt er me her for å hjelpa.
Har du ei oppfordring eller eit tips til brukarane av bakken?Ja det har eg! Bruk hjelm! Både store og små!
Henny sender portrettpinnen vidare til Ørjan Vika.