Ørjan Vika er fortida permitert frå jobben sin i APPLY,men er langt frå arbeidsledig og har ikkje problem med å fylle fritida for det..Han har nytta fritida si til både sportslege aktivitetar og utenlandsreiser.Han er ivrig fotballtillhenger,og har allerede i år vore på ein tur til England og i Mars skal han på reis igjen. Kva reiser han etter tru?
Det er nok fotballen som lokka.I Februar var eg og ein gjeng i England og såg Manchester spelte mot Portsmouth.5-0 til Manchester.I Mars skal me sjå Manchester spela mot Liverpool.Då er det eg,Amund,Stian,kanskje Svein Are,Sindre og Jarle som reiser. Det gledar eg meg til.
Ørjan er og sers aktiv på innebandy/volleyball treningane i Åkra,han har og tatt turen til Rosendal for å gå på fotballtrening.
Kva har du ellers gjort på i vinter,det har jo vore masse snø?Har vore ein del på ski,Hovden,Hordadalen,Eikedalen og sjølsagt Fjellhaugen.Står helst på brett,men har og prøvt langrennskia.
Kven vil du sende portrettpinnen vidare til? Eg sender pinnen vidare til Silje Miljeteig.
Her er Ørjan klar til å springa langs Åkrafjorden.