Framsida
Meny
Kontakt oss
Matre Idrettslag
5498 matre
Telefon
95768192
e-post
amundfurdal@gmail.com
Linkar

Portrett!

Klikk på bilete for full storleik
 
Ronny vågen vert portrettert denne gongen.
 
 
 
 

Du kjem frå Åkra, litt om kor da bar vidare derfrå og kor du har enda opp nå?

 Ette 9 år på skulen i Åkra våga eg meg ikkje lenger vekk frå mammo enn vidaregåande på Husnes. Etter 2 år der og 1 år på Rubbestadneset fann eg ut at elektrikaryrket ikkje var noko for meg. Etter ein tur innom førskulelærar-linja i Bergen og eit år i kongens klær på Setermoen i Troms jobba eg ved skulen og barnehagen i Åkra i 2 år. Så gjekk turen til Volda, der eg tok ein bachelor i Media, IKT og design og praktisk pedagogisk utdanning over 4 år. I forfjor jobba eg eit år som lærar i Marvik i Suldal kommune. Fjoråret tilbrakte eg i Bø, der eg tok eit årsstudium i Engelsk.No har eg vendt tilbake til heimlege trakter og jobbe som lærar ved Valen oppvekstsenter.
 
Kva jobbar du med og trivst du med da?
Eg er kontaktlærar for ein 7.klasse med 24 elevar. Det er ein travel kvardag med mange utfordringar og høgt tempo. Men samtidig er det ein givande og spennande jobb der ingen dagar er like. Eg trivast godt i jobben. 
Kva lika du å gjera på i fritida?
I fritida spelar eg litt Volleyball med ein gjeng hobby-entusiastar på Valen. Ellers blir det ein del Film og data. Eg likar og å gå i fjellet på Valen, etter 6 sommarar med sommarjobb på Valen sjukehus har eg lært meg dei fleste turane. Det vert og sporadiske turar med fiskestonga, og i vinter gjenoppdaga eg kor kjekt det var med bortøveski :)  
 
Favorittfilm, og kvifor?
 Favorittfilm er alltid vanskelig å velge, for det er veldig mykje bra. Hvis eg heller kan velge favorittregissør vil eg sei Stanley Kubrick. Han har laga filmar som 'Full metal jacket', 'The shining', '2001 A space odyssey' og 'Eyes wide shut'. Filmane hans har eit særpreg, og er veldig filmatisk vakre. 
Du er jo og ein av mange med ein volleyballkarriere i Matre IL, noko du huska særskilt godt frå den?
 Eg har mange gode minne frå tida som aktiv spelar. Som Silje seier var seriehelgane det kjekkaste. Mange spennande kampar med Kurt Reidar ivrig på sidelinja. Seriehelgene var jo og meir enn berre volleyball, veldig sosialt med lørdagsdiskotek og anna morro. Me hadde jo eit godt miks-lag, og vant jo stort sett over alle unntatt Trio.

Noko meir du vil legga til?
Eg vil takke Kurt Reidar og andre involvert i Volleyballgruppa for det frivillige arbeidet som gav oss eit flott aktivitetstilbud i ungdomstida. 
Så var det til slutt kven du vil senda portrettpinnen vidare til?
Eg vil senda pinnen vidare til Anette Lyngstad. 
Takk for at du stilte opp:-)
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
28.04.2015
Pinsehelga 2015
Program for pinsehelga 2015
08.06.2014
Sandvolleyballcup.

Resultat frå sandvolleyballcupen.
Fleire bilder er lagt ut.
08.06.2014
Åkraløpet-2014
Resultat frå Åkraløpet. Fleire bilder er lagt ut.
25.05.2014
Ørjan tok 4.plass!
Ørjan Vika tok 4.plass i Skjærgårdsrittet!
25.05.2014
Åkraløp og sandvolleyballcup!
7. Juni vert det Åkraløp og sandvolleyballcup.
13.04.2014
Revy!
Matre IL arrangerte revy i Åkra!
Samarbeidspartnarar
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS