Framsida
Meny
Kontakt oss
Matre Idrettslag
5498 matre
Telefon
95768192
e-post
amundfurdal@gmail.com
Linkar

MIL genserar

Klikk på bilete for full storleik
 
Vil du ha MIL genser?
 

ADIDAS PRODUKT TIL MATRE IDRETTSLAG

 

Det er fint å ha like klede når me er ute på renn, kamp og turneringar. No vil MIL, MX sport og SKL  gå saman om å gi alle spelarane i volleyball og fotball kvar sin treningsgenser eller jakke med idrettslaget sin logo på, og dei som vil kan kjøpa namnet sitt på genseren / jakka.

 

Adidasgenseren / jakka har glidelås i kvart lengde / full lengde, er svart og kvit og  er laga i treningsmateriale som ventilerer og leier bort varme og fukt.

 

Når det gjeld storleik, så kan de skriva ned det de brukar i Adidas-klede, sidan dette er ein Adidas genser. Guide over storleikar finn de på nettsida www.aditeam.no De kan også prøva tilsvarande produkt i butikken på Husnes.

 

Matre IL får 25 % på Adidas klede hos MX Sport, så no har spelarane, familien og andre medlemmar i MIL høve til å bestilla andre produkt til redusert pris, så lenge de skriv det på denne bestillingslappen. Sponsormidlar vil redusera prisen ytterlegare!

 

Produkta finn de på sida www.aditeam.no . Gå inn på Trening, og så Svarte / kvite lag. Det er kun mogleg å bestilla dei svarte Tiro- produkta på denne lista. Alle jakker og trøyer blir merka med Matre IL sin logo og sponsorane.

 

Her er ei liste over dei aktuelle Adidas produkta, som alle er svarte med litt kvitt / grått på.

Tiro TRG top ( Y for barnestr) (Genser til aktiv  spelar)

Tiro TRG JKT  ( Y for barnestr) (Jakke til aktiv spelar)

Tiro Pre Suit (Y for barn) (overtrekksdress)

Tiro Pes suit (Y for barn) (treningsdress)

Tiro TRG Pant (Y for barn) (treningsbukse)

Tiro SWT pant (treningsbukse)

Tiro SWT Top. (genser)

Tiro ¾ pant  (Y for barn)(lang shorts)

Tiro Wov short (Y for barn)

Tiro TRG short (W for dame, Y for barn)

 

Lever lappen til Amund Furdal, Knut Tungesvik eller Anne-Grethe Berge innan 1. mai 2010.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
28.04.2015
Pinsehelga 2015
Program for pinsehelga 2015
08.06.2014
Sandvolleyballcup.

Resultat frå sandvolleyballcupen.
Fleire bilder er lagt ut.
08.06.2014
Åkraløpet-2014
Resultat frå Åkraløpet. Fleire bilder er lagt ut.
25.05.2014
Ørjan tok 4.plass!
Ørjan Vika tok 4.plass i Skjærgårdsrittet!
25.05.2014
Åkraløp og sandvolleyballcup!
7. Juni vert det Åkraløp og sandvolleyballcup.
13.04.2014
Revy!
Matre IL arrangerte revy i Åkra!
Samarbeidspartnarar
Dynamiske websider utvikla av iDrift AS