Sandvolleyballcupen starta i strålande ver! Fleire bilder finn du her
Sandvolleyballcupen starta i strålande ver Fredag kveld. Mange hadde møtt fram og det blei spelt fire kampar. Laurdag var det overskya, men innsatsen var på topp! Kampane starta kl. ti og finalen gjekk kl. fire. Då kom og regnet, men spelarane såg likevel ut til å klara å holda humøret og kamp viljen oppe. Etter ein litt dårlig start, klarte regjerande meisterane frå i fjor å dra i land seieren. Liv Torunn, Sjurd og Stian tok altså første plassen foran Lars Erling, Bjørn Kristian og Astrid Slåke. Eirik Sævareid, Amund Furdal og Katarina Kucerkova Spelte ein kjempe kamp mot laget som blei nr to. Her vart det vist volleyball på høgt plan, og det vart ein spennande kamp som 'nesten aldrig tok slutt'.