Lars Emil Berge har i vår starta opp med fotballtrening for ein gjeng ivrige fotballtalent.Kvar Søndag får dei sparka frå seg på fotballbanen i Åkra.
Dei har og planar om å delta i ei eller fleire turneringar.
I helga var det igjen klart for miniturnering,denne gong i Rosendal.
Det var ingenting å sei på pågangsmotet,og spelarane viser stor framgong.Nå vågar dei å gå inn i taklingane! Sjølv om det vart tap,var det ingenting å sei på humøret.Spelarane kom heim med pokal og diplom,og satt igjen med eit posetivt minne frå eit flott arrangement i Rosendal.
Søndag 27 September var det fotballcup i Herøysund.Her skulle fotballaget til MIL spela to kampar.Det regna som berre det denne dagen og,men laget har trent jamnt og trutt gjennom heile sesongen,og dette kom tydleg fram denne dagen. Laget vant begge sine kampar og var med rette veldig stolte!